Det historiske tunet på Lyngeheim

Det historiske tunet på Lyngheim, i Os utanfor Bergen, er ein god kulturarena for formidling av tradisjonar og kulturelle opplevingar. Foredrag og konsertar gjer det historiske tunet til ein etterspurt stad.

Lyngheim

Det historiske tunet på Lyngheim i Bjørnafjorden sør for Bergen er driven av stiftinga “Det historiske tunet på Lyngheim” og “Vener av Lyngheim”. Det er bygd på dugnad. Etter opninga i august 2014 har det alt utmerka seg som ein god kulturarena for formidling av tradisjonar og kulturelle opplevingar. Stiftinga Lyngheim har og i samarbeid med Bjørnafjorden kommune og eksterne sponsorar rusta opp uteområdet kring Lyngheim.

  •  Kulturell og sosial møtestad for folk i alle aldrar
  •  Arena for barn og unge, grupper i eldreomsorga og funksjonshemma
  •  Heimebakst og kaffi kring grua i eldhuset i den gamle lemstova
  •  Utstillingar og aktivitetar kring gamle handverk
  •  Uteamfi for konsertar og sosialt samvær ved Langhamrane
  •  Uteplassar og kvilebenkar ved fjorden
  •  Offentleg tilgjengeleg toalett
  •  Friluftsområde med rom for leik, idrett og uteaktivitetar

Ein kan leige Lemstova og Rosemålarverkstaden til arrangement
Der er dekketøy til ca 60 personar, men skal alle sitje i same rom ved bord er det plass til opp til 36 – 38 personar.

Prisar som gjeld frå 1. september 2023:

Eldhuset inntil enn 4 timar – kr 500

Eldhuset meir enn 4 timar – kr 800

Heile 1. etasje inntil 4 timar – kr 1000

Heile 1. etasje meir enn 4 timar – kr 2000

Rosemålarverkstaden inntil 4 timar – kr 400

Rosemålarverkstaden meir enn 4 timar – kr 600

For tilkomst dagen før (til pynting og klargjering) kjem eit tillegg på kr  500

Leigetakarar kan nytte garderoben på loftet.

Adresse:
Steinneset 47

5200 Os

T: 90164179

magne.brekke@gmail.com