Det historiske tunet på Lyngeheim
Det historiske tunet på Lyngheim, i Os utanfor Bergen, er ein god kulturarena for formidling av tradisjonar og kulturelle opplevingar. Foredrag og konsertar gjer det historiske tunet til ein etterspurt stad.
Lyngheim
Det historiske tunet på Lyngheim i Bjørnafjorden sør for Bergen er driven av stiftinga “Det historiske tunet på Lyngheim” og “Vener av Lyngheim”. Det er bygd på dugnad. Etter opninga i august 2014 har det alt utmerka seg som ein god kulturarena for formidling av tradisjonar og kulturelle opplevingar. Stiftinga Lyngheim har og i samarbeid med Bjørnafjorden kommune og eksterne sponsorar rusta opp uteområdet kring Lyngheim.
- Kulturell og sosial møtestad for folk i alle aldrar
- Arena for barn og unge, grupper i eldreomsorga og funksjonshemma
- Heimebakst og kaffi kring grua i eldhuset i den gamle lemstova
- Utstillingar og aktivitetar kring gamle handverk
- Uteamfi for konsertar og sosialt samvær ved Langhamrane
- Uteplassar og kvilebenkar ved fjorden
- Offentleg tilgjengeleg toalett
- Friluftsområde med rom for leik, idrett og uteaktivitetar
Ein kan leige Lemstova og Rosemålarverkstaden til arrangement
Der er dekketøy til ca 60 personar, men skal alle sitje i same rom ved bord er det plass til opp til 36 – 38 personar.
Prisar som gjeld frå 1. september 2023:
Eldhuset inntil enn 4 timar – kr 500
Eldhuset meir enn 4 timar – kr 800
Heile 1. etasje inntil 4 timar – kr 1000
Heile 1. etasje meir enn 4 timar – kr 2000
Rosemålarverkstaden inntil 4 timar – kr 400
Rosemålarverkstaden meir enn 4 timar – kr 600
For tilkomst dagen før (til pynting og klargjering) kjem eit tillegg på kr 500
Leigetakarar kan nytte garderoben på loftet.