Oseana kunst og kultursenter

Oseana finn du i brytninga mellom sjø og land på Mobergsneset, og her kan du oppleva unik kunst og kultur, kombinert med vakker natur, friluftsliv og god mat.

Oseana kunst- og kultursenter

Kultursal, restaurant, galleri og lokaler for kurs, konferansar, møte og selskap som er fordelt på 5800 kvadratmeter. Griegsamlingen består av fleire hundre kunstverk, hovudsakleg av norske kunstnarar.

Oseana har eit av Noregs største solcellepanel, og har Miljøfyrtårn-sertifisering.

Nærleiken til Bergen gjer det lett å besøka oss, både med bil og buss (rute 600 til Osøyro).  Det er ca tre mil til Bergen sentrum, og like langt til Bergen Lufthavn Flesland.

Oseanasalen

Oseanasalen er vår hovudsal til kulturarrangement, Konsert, teater eller dans – salen kan tilpassast ditt arrangement.

  • Sitteplasser 494
  • Ståplasser 1100
  • 700 m2

Vargasalen

Vargasalen kan tilpassast både dans, konsertar, teaterstykke eller andre arrangement.

  • Sitteplasser 120
  • Ståplasser 385
  • 225 m2

Foajé

Foajéen kan vi rigge til med sceneoppsett, runde bord og stolar. Perfekt til stemningsfulle konsertar eller mindre stand-up.

  • Sitteplasser 120
  • Ståplasser 400
  • 400 m2

Griegsamlingen

Griegsamlingen husar Per Grieg sin kunst, og er nydeleg plassert heilt nede ved vannkanten. Dette gjev den perfekte ramma til mindre intime konsertar.

  • Sitteplasser 150
  • Ståplasser 240
  • 600 m2

Hvelvet

I tilknyting til Griegsamlingen ligg også Hvelvet, vårt temporære utstillingslokale. Rommet målar om lag 5 x 22 meter, og har ei takhøgde på ca 3,5 meter.

Terrassen

Terrassen på Oseana ligg like ved fjordkanten, med magisk utsikt til Folgefonna og fjella rundt. Perfekt for utekonsertar og andre arrangement.

Opningstider

Måndag og tysdag stengd

Adresse:
Mobergsbakken 20

5200 Os

T: 917 50 231

post@oseana.no