Osbadet
Basseng / Sklier
Osbadet er eit badeanlegg med 25 meters svømmebasseng, oppvarma terapibasseng, stupebrett med ein, tre og fem-meter høgd, boblebad, barnebasseng, rutsjebanar og badstu.
Fjorden Arena
Idrettshall / Klatrehall
Fjorden Arena, ein idrettspark for alle. Her finner du idrettshall og stor klatrehall med 13 m høgde, buldrevegg og to autobelay. I tillegg er det E-sportrom, styrkerom og møterom.
Os Idrettspark
Idrettspark / Klatrehall
Ein idrettspark for alle med idrettshall, klatrevegg, kunstgrasbanar, friidrettsanlegg, kampsportrom og turngrop.
Eikedalen Skisenter
Skisenter
Eikedalen Skisenter ligg i Samnanger kommune, ved inngangen til Kvamskogen, fjellplatået mellom Samnanger og Hardanger. Skisenteret har Nord-Europas 10. lengste stolheis
Bjørnefjorden Golfklubb
Golf
Bjørnefjorden Golfklubb har ei 9 hols golfbane, idyllisk liggjande rett utanfor Os Sentrum. Her finn du treningsanlegg med pitch&putt bane, trenings greenar og delvis overbygd driving range med 18 plassar.
Bjørnafjorden Opplevelser
Sjøaktivitetar
Unike og skreddersydde opplevingar i og rundt Bjørnafjorden for verksemder og privatpersoner. Kajakk, fisking, dykking, båtturer, eventer og teambuilding for verksemder… og mykje meir!
Skaparstovo
Folkeverkstad
Skaparstovo er et makerspace, et skaperverksted, folkeverksted og en felles plass for gründere, skapere, kreative og hobbyister som er samlet i Os sentrum.
Er-An Auto Kanoutleie
Kanoutleie
Opplev øvre del av Osvassdraget med å leiga kano, kajakk eller båt hos ER-AN Auto. Turen er ei fantastisk naturoppleving som passer for alle.
Lysekloster Ruinene
Historisk
Ruinane er i dag delvis restaurerte, og er utan samanlikning den mest besøkte attraksjonen i Os.
Oselvarverkstaden
Verkstad / Båtutleige
Oselvarverkstaden ligg ved Oselvo i Bjørnafjorden kommune. Her tar dei vare på kunnskap om bygging, bruk og reparasjon av Oselvarbåten. Båten og tradisjonen er ført på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.
Holdhus Kyrkje
Fortidsminne
Kyrkja blei truleg bygd på 1720-talet, med rikt dekorerte interiøret i sterke fargar, gjer henne til ei av dei finaste etterreformatoriske kyrkjene i Noreg. Her er også ein heilt spesiell gjenstand frå 1400-talet: Noregs einaste måla madonnaskulptur i stein.
Lysøen – Ole Bulls villa
Museum / Turstier
Ole Bull henta inspirasjon frå heile verda til dette huset. Her finst utskorne roser av lokalt opphav, davidstjerner og mauriske bogar inne og russisk løkkuppel som det mest eksotiske sett frå utsida. Er for tiden stengt på grunn av oppussing.
Galleri Solbakkestova
Galleri / Skulpturpark
Arbeidsplass og utstillingslokale til skulptør Arne Mæland og sonen Vidar Bratlund-Mæland. Skulpturhagen er alltid open for besøkande. Me vert alltid glad når me ser at folk brukar hagen.
Vognhallen
Galleri / Selskapslokaler
Oseana kunst og kultursenter
Galleri
Oseana finn du i brytninga mellom sjø og land på Mobergsneset, og her kan du oppleva unik kunst og kultur, kombinert med vakker natur, friluftsliv og god mat.
Det historiske tunet på Lyngeheim
Historisk
Det historiske tunet på Lyngheim, i Os utanfor Bergen, er ein god kulturarena for formidling av tradisjonar og kulturelle opplevingar. Foredrag og konsertar gjer det historiske tunet til ein etterspurt stad.
Vedholmen Galleri
Galleri
Vedholmen Galleri har salsutstillingar av samtidskunst og galleributikk. Dei driv formidling av 50 kunstnarar innanfor måleri, grafikk, keramikk, skulptur, foto, utsmykning og mixed media.
Tønnegården
Verksted
Tønnegarden tilbyr opplevingar og tradisjonsmat i trivelege lokale. Her vert det både laga tønner og tønnemøblar og baka brød, lefser, flatbrød og kaker.
Eidegrend klyngjetun
Historisk / Selskap / Rom
Eidegrend skal være med å bære den flotte kulturarven vi har videre. Dette gjør vi gjennom unike kulturopplevelser.
Os Sauna
Sauna / Avslapping / Bad
Det er en glede å presentere en unik sosial møteplass som vil berike lokalsamfunnet vårt. Os Sauna representerer et helsebringende fellesskapstiltak midt i Osøyro, til glede og nytte for alle innbyggere.
Eikelandsfjorden Sauna
Sauna / Avslapping / Bad
Me har trua på at ein tilgjengeleg og open sauna kan skapa meir meining i kvardagen for innbyggjarane i kommune. Velkommen til Eikelandsfjorden Sauna.