Våge Gjestehamn
Våge Hamn består av eit topp moderne kaianlegg sentralt plassert på Tysnes. I sentrum av hamna finn me Flytenaustet beståande av turistinformasjon og kafe. Gangavstanden er kort til butikkar, bank, restaurant og pub.
– Ein triveleg stoppestad på reisa
Slapp av og nyt eit opphald på Tysnes. I hamna finn du turistinfo i Flytenaustet med isbar, leikeplass, Mandelhuset restaurant, Galleri Elisabeth, el-forhandlar og frisø. Bunkersanlegg med Diesel og Bensin med kortautomat finner du innerst i hamna. I nærleiken rundt hamna er det kjøpesenter med Vinmonopol, klesbutikk, matvarebutikk, interiør og blomsterbutikk, treningsenter og frisør.
Tysnesfest! Kvart år er det festival andre veka i juli, då er ansvaret for hamna lagt over på Tysnesfest. Hamneleige betalt til oss i denne perioden er ikkje gyldig. All betaling må skje til Tysnesfest. Du finn info og billetter her: tysnesfest.no/billetter
Hamneinfo
Kaiplass – ca 150 båter
Dybde – 10 plasser på under 2 meter. Resten over 10 meter dybde.
Årstall – Pusset opp i 2019
Priser inkl. vatn og straum: – Opp til 42 fot: 250,-
Over 42 fot: 350,-
Hamneleige
Hamnleige betales med appen: GOMARINA.
(kan til naud betales på Mandelhuset og i flytenaustet)
Aktivitetar
Markerte fjellstiar.
Fine sykkelvegar
Styrehusbibliotek
Leikeplass
Tilbod
Servicebygg med vaskemaskin,
tørketrommel, dusj og toalett.
Vatn
Straum