Vognhallen
Vognhallen var verkstad og bussgarasje for den tidligare Osbanen, og blir no nytta som ein kulturarena. Det er eit innebygd «allrom» som har plass til utstillingar, verkstad/gjesteatelier og intimscene.
Vognhallen
Utleige
Vognhallen kan nyttast til f.eks. konsertar, undervisning, kurs, møter, utstilling, dåp og bryllup. Store glassdører, som kan åpnast i seks meters bredde mot eit stort overbygga uteområde, gjer Vognhallen mange muligheter.
Os stasjon
Osbanen opna for trafikk 1. juli 1894, og denne hendinga samla 250 tilskodarar, den største folkemengda som til då hadde vore samla på Osøyro. Banen var eit stort framsteg for bygdene sør for Bergen og Os. Den nye teknikken med togsett gjorde at folk frå bygdene i sør strøymde til Osøyro for å sjå. Det blei så ille at banestyret fann ut at dei måtte krevja inn ”Plattformavgift” på fem øre for å avgrensa den store interessa for dette nye. Med tog kunne folk no reisa fram og tilbake mellom Os og Bergen på dagen. Reisetida blei meir enn halvert samanlikna med dei raskaste dampskipa. Ca. to timar tok turen Bergen – Os.
Osbanen vart utkonkurrert og lagd ned i 1935. Vognhallen vart etter det nytta til verkstad og bussgarasje.
Etter ei turbulent tid på nittitalet var det mange som gjekk inn for å riva vognhallen, men i dag står heldigvis både stasjonsbygningen og vognhallen på Os.